KVITEGGJA (1691 m.o.h.) HORNINDALSROKKEN (1529 m.o.h.) KÅRDALSTINDANE (1490 m.o.h.) RISESNOSA (1554 m.o.h.) BREKKETINDEN (1578 m.o.h.) SLOGEN (1564 m.o.h.) JAKTA (1588 m.o.h.)
 
Kundeservice


Tussa Kraft AS
Langemyra 6 6150 Ørsta
Tlf. 70 04 62 00
Faks. 70 04 62 01
Kundesenter. 70 04 63 00
firmapost@tussa.no
kundesenter@tussa.no
AktueltOrganisasjonØkonomiKontakt ossEnglishJobbe i Tussa
Skriv utWebkamera

Vindkraft i Vanylven

Det har i det siste vore nokre artiklar i media om vindkraft i Vanylven. I eit lesarinnlegg kommenterer adm. direktør i Tussa, Elling Dybdal nokre av dei ytringane som har kome fram.

Det har i det siste vore nokre artiklar i media om vindkraft i Vanylven, og vi ønskjer å kommentere nokre av dei ytringane som har kome fram.
 
Det kan vere greitt å presisere at utgreiing av eventuell vindkraft i Vanylven er i ein svært tidleg fase. Etter at selskapa Tussa, Vestavind Kraft og Zephyr i fjor haust i fellesskap vedtok å utgreie mulegheitene for vindkraft, vart det 20. januar halde eit første informasjonsmøte overfor kommuneadministrasjon og grunneigarar. Utgreiing av vindkraft er ein lang og omfattande prosess, men dei førebelse vurderingane våre tilseier at det i nokre område i Vanylven kan vere interessant å utvikle vindkraft.

Det er mange forhold som må avklarast før konkrete planar kan presenterast. Ikkje minst er kunnskap om vindressursane avgjerande. Vi har difor ønskje om å inngå avtale med nokre grunneigarar om å setje opp vindmålemaster. Det er først etter vindmåling i eit par års tid vi kan vite om området er eigna for vindkraft eller ikkje. Vi trur også at ein del grunneigarar vil vere interessert i å kjenne til eventuelle mulegheiter for vindkraft på eigen eigedom.

Det er i nokre artiklar kome fram frykt for at vindkraft vil utgjere ein stor trussel mot utvikling av turisme i kommunen. Vi skal vere forsiktige med å trekkje bastante konklusjonar ut frå erfaringar andre stader, men undersøkingar har faktisk vist at turisme og aktiviteten generelt i utbygde område har auka etter at vindkraft er bygt ut. Kva betyding vindkrafta spelar inn kan vere vanskeleg å fastslå, men det har ikkje medført negativ utvikling slik nokre har frykta, snarare tvert om. Det har også vist seg at haldninga til vindkraft har blitt meir positiv etter kvart.

No har ikkje vi tenkt å setje ulike grupper opp mot kvarandre når det gjeld å utvikle eigen næring og arbeidsplassar, men utvikling knytt til vindkraft kan også vere interessant på linje med andre næringar. Dessutan vil vindkraft gi arbeidsplassar i både anleggs- og driftsfasen. Elles vil det gi inntekter til kommunen i form av eigedomsskatt.

Med omsyn til det fokus som i dag er i forhold til miljø, kan det også vere greitt å minne om at vindkraft er av dei energiformene som gir rein og fornybar energi, utan forureining.

Vi har som intensjon å gi sakleg og god informasjon knytt til utviklinga av vindkraft i Vanylven. Møtet i januar var det første i denne samanheng. Dersom vi går vidare i prosessen med førehandsmelding og konsesjonssøknad, blir det for alle rikeleg høve til å uttale seg i fleire høyringsrunder og tilhøyrande folkemøte.

Elling Dybdal
Adm.dir. Tussa
 
Meir om vindkraft i Vanylven: Grunneigarmøte om vindkraft i Vanylven 
  TUSSABREIBAND
Breibandsjekk
 Privat
 Bedrift
   
Utan telefon?
Målaravlesing Tussa Breiband Kraftprisar Tussafiber Hyttestraum