Ulstein kommune har flytta delar av kommuneadministrasjonen til Reiten (tidlegare Folkehøgskulen). Planen er at Ulstein kommune skal leggje eigen fiber mellom rådhuset og Reiten, men kuldeperioden vi har bak oss har skapt utfordringar for arbeidet. På grunn av tele i jorda vil gravearbeidet ta lang tid og bli svært kostbart. Konsekvensen er at mellom 20 og 40 brukarar på Reiten står utan tilfredsstillande kommunikasjonsløysing.
Låner fiber gratis
For å løyse dette problemet er det avtalt at Tussa, som har fiber i nærleiken, skal låne ut fiber på strekninga. Kommunen betalar ikkje leige for fiberen, mot at Tussa får rett til å trekkje eigen fiber i kommunen sine rør i den komande traseen mellom rådhuset og Reiten. Dette er ei samfunnsøkonomisk god løysing, og både Ulstein kommune og Tussa oppnår kostnadsreduksjonar som følgje av samarbeidet. Ulstein kommune får låne Tussafiber fram til den nye fiberen er på plass til våren.
Godt samarbeid
- Tussa og Ulstein kommune har over dei siste åra samarbeidd mykje rundt kommunikasjonsløysingar. Det er difor naturleg at vi også samarbeider når kuldeperioden utfordrar oss, seier adm. direktør i Tussa, Ivar Driveklepp.