KVITEGGJA (1691 m.o.h.) HORNINDALSROKKEN (1529 m.o.h.) KÅRDALSTINDANE (1490 m.o.h.) RISESNOSA (1554 m.o.h.) BREKKETINDEN (1578 m.o.h.) SLOGEN (1564 m.o.h.) JAKTA (1588 m.o.h.)
Produkt
 


Tussa Kraft AS
Langemyra 6 6150 Ørsta
Tlf. 70 04 62 00
Faks. 70 04 62 01
Kundesenter. 70 04 63 00
firmapost@tussa.no
kundesenter@tussa.no
AktueltOrganisasjonØkonomiKontakt ossEnglishJobbe i Tussa
Skriv utWebkamera

Nytt samarbeid mellom Tussa og Herøy kommune

Tussa og Herøy kommune har inngått ein ny avtale som omfattar vidare utbygging av fiberstrekningar i Herøy kommune. Den totale utbyggingskostnaden denne gongen er berekna til 5,7 millionar kroner.

Tussa og Herøy kommune har dei siste åra hatt eit nært og godt samarbeid når det gjeld kommunikasjonsløysingar. Gjennom utbyggingsavtalane får Herøy kommune etablert eit fibernett mellom kommunale lokasjonar. Tussa på si side har behov for auka kapasitet som følgje av fibersatsinga mot private bustader og næringslivet i området.

Omfattande utbygging

Denne utbyggingsavtalen omfattar framføring av fiber til område som Kvalsvik, Leinevik, Nerlandsøy og Eggesbønes. I tillegg omfattar avtalen ein sjøkabel frå Ulsteinvik til Arhaug. Planen er at fiberstrekningane skal vere utbygde i løpet av første halvår 2011. Det er ei omfattande og kompleks utbygging der fiberen skal gå både i grøft, luft og sjø. Herøy kommune har fått tilsegn om Høykom-midlar tilsvarande 50 % av utbyggingskostnaden (2,8 mill. kroner). Dei resterande 50 % blir finansiert av Tussa.

- Utbyggingsavtalen er positiv for begge partar, ved at vi deler på utbyggingskostnaden og sikrar eit framtidsretta nett i kommunen, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa.

Etablering av fiberring som vil gi høg oppetid

Sjøkabelen mellom Ulsteinvik og Arhaug vil sikre ein redundant fiberring mellom Ulstein og Herøy. Det betyr at dersom det skulle bli brot i fiberkabelen, kan Tussa snu trafikken andre vegen utan nedetid for kundane. Frå før har Tussa ved hjelp av Eiksundsambandet realisert ein fiberring mellom Ørsta og Ulsteinvik. Begge desse ringane vil sikre eit stabilt fibernett i Herøy med høg oppetid.

Private bustader og næringsliv

Gjennom fibersamarbeidet får Tussa også eit godt utgangspunkt for å tilby fleire privatkundar i Herøy nye og framtidsretta tenester. Så langt har Tussa vedteke å byggje ut Tussafiber i områda Bø og Sande og Røyra. Fiberutbygginga gjer også at avstanden til den enkelte bedrift er redusert, noko som gjer at Tussa kan redusere etableringsprisane. Fleire og fleire bedrifter ser behovet for fiber, gjerne i kombinasjon med IT-tenester frå Tussa.

Høykom skal utvikle og iverksetje prosjekt og formidle kunnskap som bidreg til at Noreg er leiande med omsyn til innovativ bruk av IKT og breibandstenester i alle delar av offentleg sektor. (Kjelde: www.hoykom.no)

  TUSSABREIBAND
Breibandsjekk
 Privat
 Bedrift
   
Utan telefon?
Målaravlesing Tussa Breiband Kraftprisar Tussafiber Hyttestraum