Tussa har oppnådd svært gode resultat etter å ha gjennomgått e-fokusprogrammet til Enøk-senteret. Straumforbruket er redusert med nesten 1 GWh frå 2004. Det betyr både økonomisk og miljømessig gevinst.
Tiltak i administrasjonsbygga
Ein reduksjon på 1 GWh tilsvarar om lag 30 tonn mindre i CO2-utslepp (basert på eit EU-normtal på ca 33 gram Co2-utslepp pr. kWh). Det er eit godt resultat, og Tussa følgjer opp med å vidareføre e-fokusavtalen for to nye år. Slik håper konsernet å spare enda meir. Ein reduksjon på 1 GWh tilsvarar om lag 30 tonn mindre i CO2-utslepp.
E-fokusprogrammet har blitt gjennomført på Tussa sine administrasjonsbygg i Hovdebygda, Dragsund, Fiskå og Hornindal. Ålesund-kontoret er også med i e-fokusavtalen, men er tekne ut av oversikta fordi dei flytta midt i perioden. Det er gjennomført fleire tiltak i alle administrasjonsbygga, som til dømes energimåling, oppgradering av automatikk på varmesystem, tidsstyring på ventilasjon, lysstyring og automatisk opning og lukking av portar.